18 Oct

Førvisningen 19.10 – 03.11.24

Går det an å få til ei utstilling som både tek kunsten på største alvor, men samstundes problematiserer og får oss til å le av oss sjølve? Få felt kan seiast å vere så prega av flosklar som kunstfeltet, anten det gjeld måtar det vert sett og opplevd på frå utsida, eller om det gjeld sjølvoppfyllande profeti frå innsida. Dei aller fleste har ei førestilling om ei utstillingsopning; velkledde direktørar held staselege talar med store ord for eit minglande publikum som med glaset i handa observerer, sirkulerer og snakkar. Men kor mykje av dette er røynd, kor mykje er førestilling? Kor kaotisk er det eigentleg under overflata om vi skrapar litt i ho? Det er mange timer hardt og usynleg arbeid som går med til å lage kunst og utstillingar, noko som kan kjennast utakksamt i møte med eit publikum som kun ser det ferdige, polerte resultatet. Samstundes er det ikkje til å kome forbi at når flosklar rir feltet som ei mare, har også desse oppstått av ein grunn. 

KRAFT er glade for å ynskje velkomen til gruppeutstillinga Førvisningen, eit eksperimentelt, tverrfagleg samarbeid med forfattar Ruth Lillegraven og elevar frå dramalinja ved Fyllingsdalen vidaregåande skule. Utstillinga syner kunstverk av sju kunstnarar og er kuratert av Kira van Hoegee og Heidi Bjørgan. Førvisningen tek form som eit skodespel, der publikum vert invitert inn til eit sjeldant gløtt på ei utstilling der ting har gått litt skeis. Eit nikk til det store, usynlege arbeidet som ligg bak å lage kunst og utstillingar, men også ironiserande over roller som institusjon, kurator og direktør. Førvisningen er eit samarbeid, eit skodespel, ei utstilling og ein kommentar til etablerte sanningar. Det er verkeleg, men fiktivt – metaforisk, men reelt – seriøst, men sarkastisk. Eit prosjekt der mange trådar fører inn i ein gordisk knute, der problemet er poenget. Velkomen til ei utstilling der alle veit noko, men ingen veit alt.

Ting billett her

OBS: Oppmøte ved jernporten til KRAFT i Bankgata. Førestillinga varar i omlag 20 minutt.

Dato og tidspunkt for forestillingen:

Lørdag 19/10: 12:00, 14:00
Søndag 20/10: 12:00, 14:00
Tirsdag 22/10: 11:00, 12:00, 14:30 
Torsdag 24/10: 17:00, 18.30 
Lørdag 26/10: 12:00, 14:00
Søndag 27/10: 12:00, 14:00
Tirsdag 29/10: 10:30, 12:00, 14:00
Onsdag 30/10: 17:00, 18.30 
Lørdag 2/11: 12:00, 14:00
Søndag 3/11: 12:00, 14:00

Utstillinga er støtta av Balansekunst.

Anders Hald (f. 1991, Danmark) tok i 2024 mastergrad i medium og materialbasert kunst ved Kunsthøgskolen i Oslo. I 2021–23 var han representert av Galerie Moderne Silkeborg og samarbeider idag med Jacob Bjorn Gallery i Århus, Danmark. Hald hadde si fyrste separatutstilling i 2023 ved SKOG Art Space i Oslo. I 2024 ferdigstilte han sitt fyrste kunstverk i offentleg rom for Kalundborg kommune i Danmark.

Hedda Roterud Amundsen
 (f. 1989, Noreg) tok i 2012 bachelorgrad i bildekunst ved LASALLE College of the Arts i Singapore, og i 2014 mastergrad i bildekunst ved Kunsthøgskolen i Oslo. Dei siste åra har ho stilt ut ved mellom anna Bærum Kunsthall, Høstutstillingen, Hamar Kunstforening og Galleri Fjordheim. Roterud Amundsen har gjeve ut fleire kunstnarbøker, gjennomført fleire performative verk og driv det nomadiske syningskonseptet Heddas salong.

Julia K. Persson 
(f. 1992, Sverige) tok i 2022 mastergrad i keramikk ved Kunsthøgskolen i Oslo. Ho har stilt ut mellom anna ved QB Galleri, Rackstadmuseet, Höganäs konsthall, Velferden Sokndals Scene for Samtidskunst, ROM for kunst og arkitektur, Kunstnerforbundet og SKOG Art Space.

Linda Sormin
 (f. 1971, Canada) tok i 2003 mastergrad i kunst avd. keramikk ved New York State College of Ceramics ved Alfred University. Ho har stilt ut ved mellom anna Museum of Fine Arts Boston, Smithsonian American Art Museum, Renwick Gallery, Peach Corner Gallery, Patricia Sweetow Gallery, CLAY Museum of Ceramic Art og Wuchangshuo Memorial Hall. Verka hennar er kjøpt inn av mellom anna Renwick Gallery, Smithsonian Museum of American Art, One Vanderbilt Art Collection, TD Bank, Royal Bank of Canada og Arizona State University Museum. Sidan 2019 har Sormin vore tilsett som professor ved Studio Art, New York University.

Lisa Rytterlund 
(f. 1988, Sverige) held for tida på å ta mastergrad i kunst ved Fakultet for Kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen. Ho har stilt ut mellom anna ved Mikey Laundry Art Garden, Bergen Kjøtt, Knipsu og Galleri Sorgenfri. I perioda 2021–24 arbeidde ho som teknisk assistent ved den keramiske verkstaden ved Fakultetet for Kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen.

Tovelise Røkke-Olsen
 (f. 1959, Noreg) er utdanna frå Statens Håndverk- og kunstindustriskole i Oslo (1985–88) og Statens Høgskole for kunsthåndverk og design i Bergen (1984–85). Røkke-Olsen har stilt ut ved mellom anna Trøndelag senter for samtidskunst, Kunstnerforbundet, RAM galleri og Saatchi Gallery. Verka hennar er kjøpt inn av mellom anna Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum, Den Norske Ambassade i Berlin, Reykjavik og Hong Kong, Kunstindustrimuseet i Oslo og Vestlandske Kunstindustrimuseum i Bergen. I 1993 vart ho tildelt Kunsthåndverksprisen.

Æsa Björk
 (f. 1970, Island) tok i 1997 mastergrad i glas ved Edinburgh College of Art. Ho har stilt ut ved mellom anna Whitestone Gallery, Kunstbanken Hamar, BWA Wroclaw Glowny Gallery, Vestlandsutstillinga, Vevringutstillinga og Norske kunsthåndverkere si årsutstilling. I 2022 mottok Björk fyrste plass i Coburger Glaspreis. Ho har utført kunst i offentleg rom for Åsaheimen sykehjem i samarbeid med Susanne Irene Fjørtoft og ved den Historiske Parken i Lednicke Rovne, Slovakia. I 2007 var ho med å etablere S12 Galleri og Verkstad i Bergen, der ho i dag fungerer som kunstnarisk rådgjevar.

23 Sep

Vevringutstillinga 20.-22.09.2024

Vevringutstillinga 45 år

Festivalprogram

45 år med kunst og samfunnsengasjement

I år markerer Vevringutstillinga sitt 45-årsjubileum som ein av dei viktigaste kunst- og kulturfestivalane i Noreg. Sidan oppstarten i 1979 har utstillinga utvikla seg til å bli ein internasjonal møteplass for kunstnarar og kunstinteresserte, samtidig som ho har bevart si lokale forankring i bygda Vevring ved Førdefjorden.

Festivalen tilbyr eit variert program med kunstutstillingar, performance, foredrag og kulturvandringar som knyter saman kunst og samfunn på tvers av grenser. Årets utstilling inkluderer anerkjente kunstnarar som Æsa Bjørk, Gisle Harr og Ingjerd Hanevold, og vil gi publikum ei unik moglegheit til å oppleve alt frå moderne keramikk og videokunst til tradisjonell skulptur og performancekunst.

I tillegg til utstillingane, kan du oppleve kunsthistoriske foredrag, deriblant Renate Rivedal sitt jubileumsforedrag som tar for seg Vevringutstillinga si reise gjennom dei siste 45 åra. Kvar dag er det også performancekunst ved Rita Marhaug, og du kan delta i dei populære kulturvandringane med fokus på bygda si rike historie og samspel med naturen.

Enten du er ein kunstelskar, samfunnsengasjert, eller berre ute etter ei spanande oppleving, vil Vevringutstillinga 2024 vere ein stad for refleksjon, inspirasjon og dialog.

Velkomen til Vevringutstillinga – der kunst, kultur og samfunn møtast!

07 Sep

Årsutstillingen 2024

Norske Kunsthåndverkeres Årsutstilling er den største årlige mønstringen av samtidskunsthåndverk fra Norge. Årsutstillingen har åpen innsendingsrett og juryeres av NKs nasjonale jury, med mål om å ta pulsen på dagens materialbaserte kunst.

Til 1. juryering av årsutstillingen 2024 ble det søkt med 1 494 verk fra 545 søkere. Av disse ble 112 verk fra 89 søkere invitert til 2. gangs juryering, som fant sted i slutten av mai. Etter dette ble det klart at 62 verk av 50 kunstnere utgjør Årsutstillingen 2024.

Arbeidet Fracture III av Æsa Björk ble ett av arbeidene valgt til utstillingen.
Mer om serien Fractures, bilder basert på samme kroppsskan ble også tolket til en serie glass bilder som ble innkjøpt av National Museums of Scotland fra installasjonen Embers som ble vist i utstillingen Passage @The Byre

Foto: Freia Beer / MiST

Visningsperiode

Lørdag 7. september–søndag 3. november

Adresse

K-U-K (Kjøpmannsgata Ung Kunst), Kjøpmannsgata 38, Trondheim

Åpningstider

Mandag kl. 15–21, tirsdag–søndag kl. 11–18
Frivillig inngang