26 Aug

Fracture I

The work Fracture I has been acquired by Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum The National Museum of Decorative Arts and Design in Trondheim, Norway. The Museum acquired the work thanks to extra funds provided by the Norwegian Government as part of a program to support the arts during the Covid-19 pandemic. The museum acquired the work from the exhibition 1som/1het that took place at S12 Gallery and Workshop in Bergen 30.04- 01.08.2021

Fracture I, Photo Pål Hoff
08 May

Anmeldelse av 1som/1het i Bergens Tidende

Bergens Tidende 8. mai 2021
Renate Rivedal kunstanmelder
Utdrag fra anmeldelsen:
“Islandske Björk er ein av grunnleggarane av S12 og er litt av ei internasjonal stjerne innan glaskunst. I utstillinga viser ho arbeidet Fracture / Fractures.

Den eine delen av verket er plassert på veggen, eit skuggeaktig bilete av ein kvinnekropp. Kvinna ligg på kne, som i bøn eller som ho vernar seg sjølv. Björk har tatt utgangspunkt i ei kroppsskanning, og overført det til sandblåste og omnstøypte glasflater.

Menneskekroppen på glasbiletet ser ut som om den er laga av edderkoppnett, av hundrevis av flittige edderkoppar som har spunne sitt nett rundt kroppen. Som om kroppen ligg trygt inne i ein kokong.

Bakgrunnen er svart, men vert avbroten av lysande felt, som deler kroppen skjematisk opp i ulike delar.

Islandske Æsa Björk er ein av grunnleggarane av S12, no stiller ho ut arbeidet Fracture / Fractures. FOTO: EIRIK BREKKE

Framom det lysande biletet, møter vi ein konstruksjon, ein menneskeleg konstruksjon. Delane som vi såg på veggen møter vi no att i eit nettverk av glasrøyr og kvite koplingar som held det heile saman.

Kroppsdelane eller knoklane inne i konstruksjonen er grå-kvite, men med eit perlemorsaktig skimmer over seg.

Kvar del ser nesten sjølvlysande ut, alle har små render i seg, som årringar på eit tre eller eit fingeravtrykk. Men avtrykka er striper frå 3D-skannaren.

Fyrst laga ho 3D printa modular i «lost PLA» (polymelkesyre), som ho deretter laga gipsformer og støyper glaset i, desse vert då til knoklane vi møte i verket.

Björk fyller rommet ved å drype glas ned i den negative forma, og fyller den med noko positivt i form av flytande, glødande glas.

Men det ser meir ut som knoklar som er blitt vaska reine av sand og bølgjer, og no er plassert inn i ein konstruksjon. Konstruksjonen eller strukturen har regelrett bora hol inn i knoklane.

Det er brutalt, men samstundes er det så skjørt, stilistisk og uendeleg vakkert.

Verket minner meg om TV-serien «Devs», ein ubehageleg serie som tek oss med inn i ei verd av kunstig intelligens og kvanteteknologi. Og med verket til Björk kjennast det ut som eg har sett ein liten bit av framtida.

Ei verd av futuristisk teknologi og visuelle eksperiment. At ein ser inn i noko stort og uendeleg, ein konstruksjon større enn oss sjølve.

Samstundes som det seier noko om oss skjøre menneske, ved å vrenge innsida ut. Kor samansette vi er, alle delane vi er bygd opp av. Som utstillingsteksten så fint seier det: «Selv om hennar kunst er av glas, er mennesket hennar viktigaste materiale.»

Slik glasknoklane er plassert inn i ein konstruksjon, er også vi mennesket ein del av eit større system og ein større struktur. På godt og vondt er vi avhengige av kvarandre. Som tittelen, rommar dette verket både einsemda og heilskapen.”