19 Feb

Vestlandsutstillingen 2021

Kurator

Heidi Bjørgan

Utstilling

Kristina Aas / Karina Presttun, Kristin Austreid, Æsa Bjørk, Helene Førde, Mona Orstad Hansen, Tina Jonsbu, Tom Kosmo, Gabriel Johann Kvendseth, Cato Løland, Irene Nordli, Tovelise Røkke-Olsen, John K. Raustein, Siri Ekker Svendsen, Kristin Tårnesvik, Brynhild Grødeland Winther

Jugendstilsenteret & KUBE, ÅlesundKunsthuset Kabuso, ØysteseKunstgarasjen, BergenKunsthall Stavanger
19 februar – 14. mars8. mai – 6. juni27. august – 19. sept7. -31. oktober

«Viss du skal lage ein langfilm, er alt du treng 70 idear,» hevdar den amerikanske filmregissøren, kunstnaren og skodespelaren David Lynch (f. 1946). Han er mest kjend for filmar som Eraserhead (1977), The Elephant Man (1980), Blue Velvet (1986) og Mulholland Drive (2001), samt fjernsynsserien Twin Peaks. Å måle seg med Lynch er det ingen som kan, men eg finn det likevel interessant å trekke parallellar mellom det visuelle filmspråket hans og tilnærminga han har til det å lage, film og mine eigne prosjekt som kurator ­– i dette høvet som kurator for Vestlandsutstillingen (VU) 2021.

Det er fri innsending til VU, og som kurator fekk eg ikkje berre 70 tilsendte idear å ta stilling til, men nærare 1000. Til VU 2021 kom det nemleg inn 311 søknader, som til saman inneheldt bortimot 1000 verk eller prosjekt. I prosessen med å velje ut, har eg vore oppteken av å finne fram til verk som kan setjast i scene slik at utstillinga får ei underfundig og sær stemning lik den vi finn i ein Lynch-film. Stemningar knytt til merkelege og draumeaktige scenar, eller sensuelle og forførande. Tvitydige stemningar der venleik og uhygge går hand i hand. Under ei perfekt overflate lurer gjerne død og elende, samstundes som noko rørande og vakkert kan gøyme seg i noko som ser forderva og øydelagt ut.

Eg har laga ei liste med stikkord som besøkande på VU 2021 kan ha med seg i møtet med kunstverka:

disiplin, endring, fiksjon, forsking, fortaping, grotesk, handverk, historie, kjenslevar, kontroll, kropp, materialitet, meditativ, minne, natur, nitid, nøysemd, perfeksjon, presisjon, rørsle, sakn, sanseleg, sensuelt, skjørt, sorg, tid, taktilitet, tolmod, tilbakeblikk, uperfekt, undermedvit…

Desse stikkorda opnar for mange ulike assosiasjonar, stemningar og forteljingar. VU 2021 gjev ingen fasitsvar, men kan lesast som ei open forteljing sett saman av mange parallelle forteljingar. 16 kunstnarar med til saman 29 verk er med. Kvart av desse verka er unikt og rommar si eiga historie, men gjennom å bli plassert i ei utstilling saman med andre verk blir meininga forsterka eller endra. Dette spelar eg medvite på i måten utstillinga blir utforma på. Eg ønskjer at verka skal bidra til at nye historier blir skapt gjennom korleis dei blir monterte. Ingen av dei 6 visningsstadene som VU 2021 skal til er like, og difor vil nye historier oppstå frå stad til stad. Ikkje minst fordi kvar einskild utstillingsgjest også er ein aktiv medskapar.

Heidi Bjørgan, kurator

Bergen 1. desember 2020

27 Aug

Art’s New Natures Digital Dynamics in Contemporary Nordic Art

Art’s New Natures is an online exhibition of art by internationally recognized Nordic artists that, through different media for online access and presentation, address current challenges for art’s place, meaning, and role in a world of rapid inter-existential changes.
Interview videos
The artists explain their creative process in interview videos, and how technological communication platforms bring opportunities to reach a broad international audience that physical art spaces do not. But this also requires them to consider how the nature of their art can be “democratic” in relating across cultures and reflecting the complex state of the world.
About
Art’s New Natures highlights how art responds to recently changing modes of human existence with social distancing and shifting realities of commonplaces and public culture. In climates of uncertainty, lockdown, assembly bans, the exposing of social inequities, and physical distancing, art evolves with lesser ties to the ‘art object’ and with a greater emphasis to the experience of art under the conditions of distance. Especially through digital expressions, we see how art explores new modes of proximity through storytelling and takes advantage of connective capacities of global and digital infrastructures for affecting and upholding human inter-relationships and social imaginaries. Art reworks experiences of nearness and distance, what it means to be closely connected or far apart. The artworks in this exhibition emerge in response to contemporary modes of interconnected existence, adaption, difference, and meaning making through hybrid spheres of shared concern and resistance.
Streaming Museum
The exhibition is presented at StreamingMuseum.org, which since its launch in 2008 has presented programs of art and world affairs in public spaces and venues around the world, and on its online platform. “In the current world crises where the internet is essential for education, business, cultural and personal communication, it’s helping sustain artists’ livelihoods and more artists are recognizing new possibilities of visibility for their art,” said Nina Colosi, Streaming Museum founder and co-curator of the Art’s New Natures exhibition with Tanya Ravn Ag.
Publication
Digital Dynamics in Nordic Contemporary Art
The program evolves on the basis of the publication Digital Dynamics in Nordic Contemporary Art (Intellect, 2019) edited by Tanya Ravn Ag. From a globally connected Nordic perspective, the book examines how the digital and contemporary art co-evolve because digital technology and culture change the life worlds, imaginations, and tools of artists, the conditions for art’s production and distribution, and artists’ sense of agency and capacity to affect the world and tackle current urgencies. The program is the last chapter in the dissemination series Digital Dynamics: New Ways of Art on how contemporary art is changing with the digital through new environments, new modes of making, new kinds of representations, and new natures in art.
Digital Dynamics: Art’s New Natures is presented by Streaming Museum and curated by Nina Colosi and Tanya Ravn Ag. It is supported by Nordic Culture Fund and the Nordic Council of Ministers.

BullseyeGlass, EEG, Glass, Installation, Pål Hoff, S12, Sculpture, ShieldII, Tinna Thorsteinsdottir, Video, aesabjork, transducerspeaker
https://www.streamingmuseum.org/aesa-bjork Photo: Pål Hoff